Sommarmøte i NKF-N Hordaland 04.06.14

Sommarmøtet i NKF-N Hordaland vart i år halde ved Universitetsmuseet i Bergen.

Det var 19 deltakarar på møtet: Marielle Bergh, Christina Holmefjord, Anna Shepard, Angela Weigand, Soraya Rodrigues, Aud Bergli, Alexandra Böhme, Stine Rost-Kronvang,Maiken Ploug Riisom og Madelein Arnoldsson (Universitetsmuseet i Bergen), Ekaterina Pasnak og Janine Wardius (KODE Bergen), Alison Foster, Anders Gjøls Andersen, Philippa Moxon, Mariann Nestegard Vivelid, Friederike Kunze, Inger Raknes Pedersen og Ida Areklett Garmann (Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland).

Møtet besto av tre fordrag halde av konservatorar ved Universitetsmuseet. Det første fordraget vert halde av Marielle Bergh, og omhandla Universitetsmuseet sitt museumsprosjekt, med renovering av bygnadane og planlegging av nye utstillingsrom. Det andre foredraget vart halde av Stine Rost-Kronvang, og dette handla om flytteprosjektet ved Universitetsmuseet i samband med det allereie omtala museumsprosjektet. Det er ei enorm samling som skal flyttast, med tilhøyrande utfordringar. Deretter gav Angela Weigand eit foredrag med tittelen «The preservation of waterlogged wood with melamine resins», der ho la fram ulike metodar for konservering av vasstrukke tre, og informerte om metoden ho har valgt, der gjenstandane vert behandla med melamin.

Etter foredraga fekk vi ei omvisning i lokala til Konserveringsseksjonen, og Anna Sheperd demonstrerte digitalrøntgen.

Møtet vart avslutta med eit felles måltid på ein resturant i Bergen sentrum.

17.06.14

Ida Areklett Garmann

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz