Haustmøte i NKF-N Hordaland 20.11.13

Haustmøtet i NKF-N Hordaland vart i år halde på Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland.

Det var 15 deltakarar på møtet: Marielle Bergh, Stine Rost-Kronvang, Maiken Ploug Riisom og Madelein Arnoldsson (Universitetsmuseet i Bergen), Pedro Vasquez (Universitetsbiblioteket i Bergen), Ekaterina Pasnak og Janine Wardius (KODE Bergen), Hanna Johanson, Alison Foster, Anders Gjøls Andersen, Philippa Moxon, Mariann Nestegard Vivelid, Friederike Kunze, Inger Raknes Pedersen og Ida Areklett Garmann (Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland).

Møtet vart innleia med informasjon om Bevaringstenestene si historie og drift. Deretter vart det haldne tre korte foredrag. Det første foredraget vart halde av Hanna Johanson og Philippa Moxon og omhandla bevaring og konservering av kyrkjetekstilar. Det andre foredraget var halde av Mariann Nestegard Vivelid og Ida Areklett Garmann og omhandla eit ferdigstilt konserveringsoppdrag på fire store billedtepper fra Storetveit kyrkje. Desse foredraga ga deltakarane eit innblikk i noko av Bevaringstenestene si verksemd. Ekaterina Pasnak avslutta så med ein presentasjon av delar av kurset «Media og kulturpolitikk», som ho deltok på i Gøteborg i oktober. Dette var viktig informasjon å dele, ettersom mykje av bodskapen på dette kurset var at konservatorane bør arbeide for å verte meir synlege, samt korleis ein kan gå fram for å få dette til og då kan det kan vere svært nyttig å arbeide også på tvers av institusjonane.

Møtet vart avslutta med eit hyggeleg, felles måltid.

Referant: Ida Areklett Garmann

Haustmøte Hordaland 2012

 

 

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz